fredag, mars 21, 2008

sidan sist....

forrige helg var eg ein tur til sjølvaste hovudstaden! hadde ei super helg saman med gode vener og heltar av internasjonal klasse ;) eg budde hjå ane-marthe og daniel på nesodden- koseleg! elles fekk eg møtt både runa, susanne og hanne marta òg :D gamlefolket, jeanette og kjentsfolk frå kraftlaget traff eg også på. det var mange som valfarta til tigerstaden denna helga, skjønar du!

orsaka var at gamlefaren sjølv, bill gaither, hadde teke med seg ein gjeng for å ha konsert i oslo spektrum. og gjett om folk straumde til spektrum! konserten var utruleg bra, og kvelden var super! billetten var verdt kvar einaste norske krone!! :D homecoming-gjengen som kom til norge bestod av gaither vocal band, signature sound, jeff & sheri easter, janet paschal, jessy dixon, gordon mote, kevin williams, solveig henderson, the hoppers og gloria gaither. favorittane mine var sigsound, gaither vocal band, gordon og kevin! her er nokre bilete frå "eventet":

Gaither Vocal Band

So traff eg heltane i Signature Sound!

(litt skrytebilete er jo på sin plass i ei stund som denne:P)

Eg og bassen i SS, Tim Duncan

Eg og Ryan!

Eg og Ernie Haase

Eg og Doug :)

ME AND MY BEST FRIEND!

Her er eg og Ane-Marthe oppe med Akershus Festning.

Hadde det kjekt som alltid;)

1 kommentar:

jess sa...

go gaithers.
you rock linskie!