i dag hadde vi sommaravslutning i barnehagen.. og for min del vart det litt meir enn berre ein avslutning før sommaren -det vart heller ei avslutning for det livet eg har hatt her i småbergan dei 4 siste åra! og dei som kjenne meg veit at det å ta
farvel ikkje er like enkelt for frk. gjerde. det er ein herlig gjeng eg må forlate, og alle og ein kvar kjeme til å bli sakna.. :'( og når eg får
varme ord og
klemmar frå både små og store, ekje tårane langt vekke frå augekroken.. i tillegg fekk eg nydelege roser og eit fint smykke. hjarteleg takk!
her er noko av det ungane har sagt om meg.. ;) fekk det nedskrive på eit kort eg kjeme til å ta godt vare på! :P
* jeg digger å lage historier og eventyr med deg!
* du er snill
* jeg syns det er så trist at hun slutter
* linn er søt
* jeg skulle ønske hun skulle være lengre
* linn er så snill mens de andre er strenge..
* har hun byttet oss ut?
* skal hun til himmelen?
om jæren er himmelen, er ein anna sak ;) uansett- ungane "mine" er dei beste, og eg er so takknemlig for at dei har vært med å prege meg. eg tar dei med meg i hjertet! so får vi sjå korleis livet utarta seg i sydlegare strøk.. det nærma seg! men først gjenstår det ei veke til med pakking og vasking. men med varme ord i hjertet og ein vakker blomsterbukett midt i alt rotet her i leiligheten, kan eg med handa på hjertet sei at tida her har vært ei flott periode i livet mitt som eg tek med meg vidare. linn er klar for nye eventyr- og har med meg både bukkene truse, digidoliboi, fiffiman og alle andre merkelege oppdikta eventyrfigura med meg i bagasjen. (dei tar heldigvis ikkje so stor plass ;)- eg har nemleg meir enn nok ting og tang som skal forflyttast!)