mandag, februar 22, 2010

one-man's-CEILIDH

her er eit bilde fra min egen personlige CEILIDH!

- ja, eg va åleine heime
- ja, eg helde eit skotsk flagg
- ja, ei fin blanding av nordmenn og skotta va på ceilidh i aberdeen MINUS meg.. for eg hadde det mykje kjekkare her åleine heime på min fantastiske einmannsceilidh!

til opplysning: ceilidh uttalast keyli og er skotsk folkedans.

akkurat no..

.. føles det som om ei gravemaskin har herja inne i munnen min.. jepp, eg ha hatt eit aldri so lite besøk til tannlegen. va bedøvd til bakom øret mitt på den venstre sida faktisk! men den hyggelige tannlegen min skulle (lat meg sitere): "fikse litt på tannebissen".. so eg drog litt på smilebandet med munnen full av utstyr og tok farvel med 6-års jekselen slik som eg har kjent den. men imårgå blir det bedre! egentlig er bedøvelse ein fin ting. og tannlege er ein fin ting. og det er forsovidt gravemaskinene også..

tirsdag, februar 09, 2010

SUPERBOWL!!


Alle so kjenne meg veit at Amerika fascinera meg litt.. Eg lika USA og eg lika amerikanera. Slik er det med den saken. Og ein anna ting so ikkje er ein hemmelighet, er at eg også lika sport. Slik er det berre. Og når den største begivenheten innafor sport i USA -SUPERBOWL- skulle bli vist på norsk tv for første gang, kunne eg jo ikkje gå glipp av å få med meg litt amerikansk fotball!! Sjøl om eg aldri heilt ha fått med meg alle reglane, so måtte eg få det med meg - iallefall ein del av kampen!


Indianapolis Colts og New Orleans Saints møttast, og sjøl om eg har vært i Indianapolis kunne eg ikkje nåke for at eg heia på underdog'ane The Saints. Det va veldig greit å ha ein amerikanar ved mi side til å forklare meg regla og uttrykk so eg ikkje forstod, og gjett om vi vart engasjert!! Haha.. Det endte opp med at Kelly og eg satt oppe til kl. 04 og fikk sett New Orleans SAINTS slå The Colts 31-17!! SO artig! So neste gang eg skal til USA eg berre få med meg ein kamp! :D


Ellers er formen stigande, og eg skal tilbake på jobb imårgå. Det blir bra. Eg blir litt lei av å sitte heime heile dagen... Derfor va det veldig kjekt at Superbowl gikk når eg va sjukmeldt. Ein aldri so liten opptur i kvardagen. Håpa du har hatt ein opptur i det siste òg, og at alt er vel:)

lørdag, februar 06, 2010

i dag er det faktisk SAMANE SIN DAG! hadde eg hatt ei kofte skulle eg ha tatt den på meg i dag! men det har eg jo ikkje. det vart grønne sokka, lys dongeribukse og svart genser for anledningen.. men eg trur det er ok, eg er jo trossalt ikj 100% same. men kan jo alltids joike litt seinare i kveld da -blir nok bra, sida eg fortsatt høres ut som ein mann.. eg kan vel sei at eg har "feira" samedagen med å glede meg over at medisinen har begynt å virke! streptokokka e fortsatt ikj kjekt å ha, so eg gleda meg til eg e frisk igjen! halsen har begynt å "opne" seg, og eg har ikj det voldsomme trykket opp til håve lenger - :)
ellers er karane i "The Big Bang Theory" til stor underholdning om dagen- veldig kjekt å ha dei når eg e sjuk og trenge selskap. bjynna so smått å glede meg til eg reise bort til Pasadena for å besøke han godaste Leonard og Sheldon til sommaren! ;)