
Litt informasjon (som eg veit du vil tykkje er særs interessant) om plassen eg kallar min heim!!!
Mellom bakkar og berg utmed havet... Der finn vi Herøy!!Herøy er ei øykommune på Sunnmøre, sørvest for Ålesund. Med Sunnmørsalpane som bakgrunn og storhavet som nærmaste nabo byr Herøy på vakker natur og fantastisk utsikt.
Ei av dei åtte øyene i Herøy kommune heiter Runde. Fugleøya Runde er Skandinavias største og sørligaste fuglefjell. Fleire millionar sjøfuglar har hekkeplassen sin her, og heile 240 forskjellige fugleartar er observert. Fuglefjellet kan ein lett besøke ved å fylgje stiane opp til reservatet, eller ein kan bli med på lokale båtturar frå Runde havn.
Rik
natur er ikkje det einaste Herøy har å by på. Kystbyen Fosnavåg som er kommunesenter i Herøy har mykje å by på som by. Fosnavåg blir sett på som hovudstaden for offshoreflåten her til lands, og i dei seinare åra har byen utvikla seg til eit større handelssentrum. Fosnavåg kan by på eit rikt utval i butikkar, flotte restaurantar og ikkje minst maritim sjarm.
Øykommunen Herøy består av åtte øyer, der alle dei seks øyene med befolkning har brusamband. Rundt desse øyene finn ein mange spennande holmar og ikkje minst gode fiskeplassar. Fiskeeventyret i Herøy lokkar kvart år til seg mange turistar frå både Noreg og utlandet.
Ytre og indre Herøy er knytt saman av Herøybrua som er den største brua i kommunen. Herøybrua er verdas lengste kassebru bygd etter fritt-fram metoden (Tenk på det du!!). Brua blei opna i 1976 av kong Olav og har ei totallengde på 544 meter.
ReisemåtarHerøy ligg sørvest for Ålesund. Både fly, hurtigbåt, kollektivtransport og daglege hurtigruteanløp i Torvika gjer det enkelt å kome seg til Herøy (Kjelde:
www.heroynytt.no)
FaktaAreal: 120 km² Innbyggjartal: 8.373 (2006) Adm. sentrum: Fosnavåg (Kjelde: SSB)
SIST MEN IKKJE MINST:
Midt i kommunen ligg den sjarmerande øya NOTØYA. Perla i kommunen. Og du er hjarteleg velkomen!