torsdag, desember 27, 2007

"kvit jul" og symjemoglegheiter

eg håpar dykk alle ha hatt ei god jul so langt :)

i skrivande stund sit eg nede i kjellaren syd på tungane og høyrer på vinden som ular rundt nova og regnet som splæsjar. viss eg skal på kvennaholmen må eg symje. brua står nemleg under vatn. men eg treng jo eigentleg ikkje å gå so langt for å ta meg ein dukkert.. det er jo berre å stupe uti bassenget som for høgtidas skuld ha samla seg uti hagen! ahh.. julestemning på høgt plan.

uansett symjemoglegheiter eller ikkje: det er veldig kjekt å være heime igjen. storkosar meg:) og ei fin julefeiring har eg òg hatt. no ser eg fram til eit nytt år med nye (symje)moglegheiter.

adjø og på gjensyn.

Ingen kommentarer: